Velkommen til KirkeWiki

KirkeWiki er ment som et oppslagsverk hvor du finner informasjon om kirkene i Steinkjer kommune.

Her skal du (etter hvert) finne informasjon om våre kirkebygg, våre gravlunder, historiske notater, ansatte før og nå og masse annet som har med kirken å gjøre. Hvis det er noe du savner, setter vi stor pris om du tar kontakt med oss.

Ha en riktig fin dag.

Maria frå Mære

MadonnafigurenMære kyrkje er ei Mariakyrkje innvigd til Jesu mor, Jomfru Maria. På ei marmorplate i alteret er det ein inskripsjon:

”III KALENDARUM FEBRUARII DEDICATIO HUJUS ECCLESIAE IN HONOREM SANCTE MARIA ET SANCTI QUINTINI MARTYTIS ET SANCTI HUHUBERTI MARTYRIS QUORUM RELIQIAE HIC HABENTUR”.

Den tradisjonelle tolkinga av denne latinske teksten har vore:
Denne kyrkja er innvia den 3. februar til ære for Maria og martyrane Quintius og Hubertus. Relikviane deira blir gøymd her. Sjølv om datoen og årstalet for innviinga seinare har vore oppe til diskusjon, så er det i alle fall ingen tvil om at kyrkja er reist til ære for Jesu mor, Maria.

Av den grunn har det truleg “alltid” stått ein Madonnafigur i Mære kyrkje. Maria skulle minne folk om den spesielle historia til Mære som kyrkjestad, med utviklinga frå eit kristna hov, via den første trekyrkja og fram til mellomalderen si høgreiste og flotte fylkeskyrkje. Over heile Trøndelag kan vi spore Maria-kulturen, og den blir spesielt synleg gjennom cisterciensarklosteret på Tautra. Cisterciensarane bruker å vie sine kloster til Jomfru Maria og staden klosteret står på. Munkane som i 1207 kom til Tautra frå Munkeby i Levanger, kalla klosteret Sancta Maria de Tuta Insula, Mariaklosteret på den trygge øy.

Maria møy, Jesu mor, var ei viktig ung kvinne i frelsarverket. Ho er den som best representerer dei mjuke verdiane innanfor kristendomen, den som gir omsorg og trøyst, liv og grøde. Det er ikkje få menneske rundt om i verda, og opp gjennom historia, som har vendt seg til Maria for hjelp og trøyst i vanskelege tider. Kyrkja på Mære hadde stått i fleire hundre år da kongen av Danmark/Noreg i 1536 avgjorde at Den evangelisk-lutherske lære skulle bli statsreligion. For at ingenting skulle ta tankane våre bort frå Gud, vart kyrkjene så og seie ribba for kunst. Men Madonnaen i Mære klarte å halde stand i enno nokre hundre år. Likevel var det nok ein viss frykt for at Maria, også her, skulle få større fokus enn barnet på hennar fang.

Som ein annan følgje av reformasjonen vart korbogen i Mære kyrkje utvida ein gong på 1600-talet. Før det hadde Maria sin eigen nisje i veggen, nord for inngangen til koret. I og med at statuen er flat i profil og uthola på baksida, tyder alt på at den er laga for å stå inne i ein nisje og bli sett på frå framsida. Kva som skjedde med Maria da plassen hennar måtte vike for ein større korboge veit vi ikkje. Kanskje vart ho plassert ein annan stad i kyrkja, eller kanskje vart ho lagt bort og oppbevart på loftet for ei tid.

Både nisjen og statuen er no borte, men for at vi framleis skal bli minna om Maria og hennar sentrale rolle for Mære kyrkje, er det hengt opp eit fotografi av henne i full storleik, ikkje langt frå den opphavlege plasseringa.

Mariastatuen er i dag ein del av Vitenskapsmuseet si kyrkjesamling frå katolsk tid. I Sparbu herredstyre si møtebok frå 17. april 1878, sak 10, står det at Mære sognemenighet er villige til å overlate Mariabildet til adjunkt Karl Rygh for at Maria for ettertida skal bli oppbevart i Trondhjem. Der har ho sidan stått, og blir tatt godt vare på, slik at det for all ettertid skal vere mogleg å oppleve den originale Mariastatuen frå Mære.

Kunstnaren bak Madonnafiguren kjenner vi ikkje lenger, men Maria er ein flott trefigur skore i eik, og som er måla fleire gonger. Den er truleg skore ein gong på 1200-talet og syner himmeldronninga med krone, sittande med sonen på sitt venstre kne. Kunstnaren har prøvd å skjære mest mogleg ut av eit og same trestykke, men når skulpturen blir så stor som denne, og gjerne med utståande delar, treng ein ekstra trestykke for å sette på hovudblokka. Det er tydeleg at høgre underarma til Maria har vore eit slikt “pålimt” trestykke som har ramla av i ettertid. Skaden er seinare prøvd skjult ved at arma er trekt inn under kappa. Kyrkjekunsten var viktig i mellomalderen og langt opp i nyare tid. Folk flest kunne ikkje lese, og maleri og utskjeringar vart vanlege folk si bibelsoge. Mariastatuen taler til folket på sin måte og Maria med barnet på fanget skaper glede og gjenkjensle. Ein Mariafigur i kyrkjerommet, saman med krusifikset, triumfbogen og groteskene under taket, innviingskorsa og altertavla, vil saman kunne fortelje den heilage historia og for alltid vere med å minne oss om kva religion har betydd for folk gjennom alle tider. I mai 2011 sette Mære sokneråd ned ei arbeidsgruppe som skal sjå om det er mogleg å få laga ein kopi av Madonnafiguren i Mære kyrkje. Arbeidsgruppa består av Bodil Østerås, Johannes Brandtzæg, Ole Andreas Gjørv og Kolbein Dahle. Det er ingen tvil om at det har stått ein Madonnafigur frå 1200-talet i Mære kyrkje. Denne vart fjerna i 1878, kanskje etter over 600 år i teneste. Det er på tide at vi får ein ny Madonnafigur til Mariakyrkja på Mære.