Bodom kapell

Fra KirkeWiki
Gå til: navigasjon, søk

'Skrevet i forbindelse med 100-års jubileet i 2005 av Arild Køhl'

Etter den gamle kjøreleia var det langt bortimot 4 mil frå Gaulstad og fram til Skei kyrkje, så mange av bebuarane i øvre Ogndal hadde nok ynskjer om å ha ein gravplass litt nærare. Det vart ein lang kjøretur ved gravferder, men likeså viktig var dette med å ha sine kjære gravlagt så nært at ein kunne besøke grava med sine tankar forskjellige gongar. ?I 1864 kom det ein søknad frå Gaulstadbyggene om å få anleggja ein kyrkjegard på Gaulstad, for å sleppe den lange vegen til Skei. Kyrkjeforsamlinga gjorde følgande vedtak:? ”Besluttedes. Forsaavidt ingen Udgifter falder Fattigkassen til Last for Skyds og Diæt til den forrettede Prest i Anledning af Reiser derhen til Jords-paakastelse giver Kirkeforsamlingen Andragendet sin beste Anbefaling. Ifølge forannævnte fritages Gaulstads Beboere for Indhægning ved Skei Kirkegaard imod de selv forskaffer sig Kirkegaard og Gravstæder.”? Noe mere om denne saker er det ikkje funnet.

Generalkonsul David Christian Bodom og hans sysken var dei siste av Gram-slekta som var eigarar av Ogndalsbruket. Dei var barn av kaptein Johannes Georg Bodom og frue, Susanne Magdalena f. Gram, som i sin tid var busett på Lille-Trana. ?I 1884 kjøpte David Christian gården Lustad, der han og den eine søstra, Elen Mathilde, budde om somrane. Dei var begge ugifte. Etter at David Christian fekk bygd den fine og særeigne ”Heimen” like ved Lustad, så budde dei der oppe ein god del av vinteren og. I 1894 selde Bodom-slekta Ogndalsbruket, og David Christian og Elen Mathilde flytta begge til Christiania, der David Christian døde i 1895.?Han har da oppretta eit testamente der han har bestemt at nødvendige midlar skulle stillast til disposisjon for bygging av eit kapell ved Kjesbu i Øvre Ogndal. Søstra Elen Mathilde varsla og om at ho ga kr. 5000,- til bygging og kr. 1000,- til framtidig vedlikehald. Så tanken om eit kapell i øvre Ogndal hadde nok slått rot i dei begge.

Det blei nokså mykje strid om kor kapellet skulle byggast, det sto ved Kjesbu i testamentet og mange meinte at tomta ved Halla/Bastuåsa var best egna. Det er der forsamlingshuset Ognheim seinare blei bygd, men seinare kom dei fram til at kapellet skulle liggje ved Flatåsen.?Det som kanskje tok mest tid var spørsmålet om ein skulle bygge nytt eller rive ”Bodomheimen” og flytte han til ei ny tomt. David Christian Bodom sine tankar var at ein skulle flytte ”heimen”, men dette ville bli langt dyrare enn å bygge nytt.?Ellers ville ein og få ei meir tjeneleg planløysing ved nybygging.

Det vart og diskutert om ein skulle ha eit eige sokn for denne delen av bygda. Saka var oppe mange gongar i herradstyret utan at ein kom fram til ei endeleg avklaring.?Elen Mathilde Bodom døde i 1901, og hennar testamentfullbyrdar tok da opp forhandlingar med dei nye eigarane av Ogndalsbruket, da det var ein passus i Bodom sitt testamente som ga opning for dette.?Og dei nye eigarane av Ogndalsbruket ga tilsagn om trevirke, og fri grunn til kapell og kyrkjegard og dessutan ein liten skogparsell til hjelp ved framtidig vedlikehald.

Det vart arkitekt G. Wiese Opsal som fekk i oppdrag å teikne kapellet, han hadde og i si tid vore arkitekten bak ”Bodomheimen”. Byggmeister Oluf Røysing sto for bygginga, som kom i gang våren 1904. Utpå sommaren 1905 var kapellet ferdig, og tirsdag 1. August vart kapell og kyrkjegard vigsla av biskop W.A. Wexelsen.?Det var møtt fram ca. 300 personar denne tirsdagen, langt fleire enn det var plass til inne i kapellet. Dei som sto ute prøvde å følja med så godt dei kunne gjennom dei opne dørene. Etter høgtida i kapellet var herredstyre, biskopen, prestane m.fl. samla til kommunal middag på øvre Kjesbu. I eit referat i ”Indherredsposten” står det til slutt at biskopen og prestane hygget seg til langt på natt sammen med ogndalingane.

Til innvielsa hadde tidligere medeigar av Ogndalsbruket, Adolf Tamm, Stockholm, skjenket ei praktfull lysekrone i messing, og ein annen av eigarane, Adolf Guldahl og frue Bessie, ga eit sølv døpefat med kanne.

Altertavla er laga av dei som bygde kapellet, og er måla av O. Dahl, og er ein reproduksjon av Adolph Tidemann sin ”Kristi dåp” i altertavla i Trefoldighetskirka i Oslo. I dei første åra hadde kapellet bare eit lite husorgel. Da Skei kyrkje i 1911 fekk nytt orgel, blei det gamle orgelet der restaurert og bygd til ein stemme av M. Lønseth, og flytta til Bodom. I den forbindelse måtte det og bygges orgelgalleri. Dette sto byggmestrene Vinje og Skatland, Steinkjer, for og det blei måla av Gustav Kirkreit. Dette orgelet blei tatt i bruk på haustmessa 1913. I 1975 blei det montert nytt orgel i kapellet, takket være ei stor giverglede blant Ogndalingane i denne delen av bygda. Nattverdsutstyr blei gitt av Ogndal Sanitetsforening i 1924 og 1927, offerskål av Ogndal Bondekvinnelag.?Skipet som heng i kapellet er laga og gitt av Conrad Rosø, Flatåsen. I slutten av 1960-åra var kapellet i dårleg forfatning. I den forbindelse blei det nedsett ein byggekomite i 1967, og i 1970 blei eit omfattande restaureringsarbeid både utvendig og innvendig igangsett, etter at ein hadde klart å skaffe dei nødvendige midler til arbeidet. Mye av dette arbeidet blei utført på dugnad. Under dette restaureringsarbeidet var mye av kapellet sitt innventar lagra på Flatåsen, men det meste gikk tapt i ein brann der på nyåret 1971.

Ruth og John Guldahl ga nye lysestaker. Kandelabrer, døpefat og mugge kjøpte ein inn frå Julie Hallan si testamenariske gåve til kapellet. Brudestoler vart laga av Robert Hammer og måla av Ole Susegg. Bokbrettet vart tegna av Johan Skjelstad og brodert av Klara Hammer. Alterduk og småduker brodert og gitt av Kari Aasheim.?Eit skap er gitt av Arnfinn Haug, ein gamal bibel og brudehansker gitt av Einar Høa. Ein sølvbolle som blei gitt til prost Knut Eik -Nes i 50-års gåve frå menigheten i Sparbu prestegjeld, blei gitt av hans sønn Kristen Eik – Nes. Klara Hammer testamenterte ei pengegåve til kapellet.

Elles så kan ein nemne opprettinga av eit blomsterfond i 1970, utvidelse av parkeringsplassen i 1989, uthus 1990-91, rullestolinngang 1993, nytt gjerde rundt kyrkjegarden i 1994.

Den 1. august 1905 var nok utan tvil ein dag for glede og takksemd i øvre Ogndal, og ogndalingane har både då og seinare visst å setje pris på kapellet som betyr så mykje for bygda.